Samlar dei små butikkane i éin Tank

Små butikkar i distrikta får eit alternativ til dei store daglegvarekjedene.
Kjeda Tank vonar å samle 50 butikkar innan 2015.

Under slagordet «Små butikkar, store fordelar» lanserer Tank-kjeda eit alternativ for småbutikkar i distrikta.

Tank vart oppretta i 2011 som ei kjede for små drivstofforhandlarar i Distrikts-Noreg. Med konseptet Tank Snarkjøp vonar etablerarane på snarleg vekst i talet på daglegvarebutikkar også. Per i dag er 32 butikkar knytt til Tank, inkludert fire daglegvarebutikkar.

– Målet er 50 butikkar innan 2015. Me har stor etterspurnad frå mange distriktsbutikkar over heile landet, men mange er bundne opp i kjedeavtalar, seier dagleg leiar i Tank, Per Eivind Vik, som saman med fetter Geir Inge Vik er gründerar av Tank.

Lokal fridom

Begge to har lang erfaring som kjøpmenn sjølve. Tank Snarkjøp har eit sortiment på 2000 artiklar. I tillegg får butikkane tilgang til varesortimentet til Asko, som er Norgesgruppen sitt  distribusjonsselskap, og som har over 20.000 varelinjer.

– Hos oss er det ingen føringar eller avgjerder frå sentralt hald som dei andre kjedene har. Kjøpmennene skal ha fridom til å sjølve avgjera kva dei vil tilby kundane sine, seier Vik.

Ein av butikkane som valde å bli med i Tank-kjeda er Hellesøy Landhandel i Øygarden kommune i Hordaland. Kjøpmann Gunta Venge undersøkte moglegheiter for kjedetilknyting då ho i 2013 starta opp att lokalbutikken i det vesle øysamfunnet.

– Eg hadde ein veldig open dialog med Tank, og kjende at her var det ein aktør som ikkje hadde noko å skjule. Når eg også har tilgang til heile sortimentet til Asko uavhengig om eg er med i Norgesgruppen eller Tank, måtte eg sjå på kva som ville vera viktig for meg som kjøpmann lokalt, seier Venge.

Kundane får påverke

Venge seier det vart eit val mellom sentralstyring og lokal fridom.

– Det var avgjerande for meg å kunne utvikle ein butikk her ytst i Øygarden, og ikkje berre fylgje policyen på vareutval, prisar og tilbod, seier Venge.

Sjølv om det har vore eit tøft oppstartsår i 2013, er målet for 2014 å auke omsetninga slik at Venge kan ta ut løn.

Nationen 14.01.14.pdf

Related Posts

Ingen treff.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.
You need to agree with the terms to proceed